Serine
saxsa EriksenSerine
av SAXSA FT Helle Marie Normann Berntzen
Eg var berre elleve.
Dei sa eg skulle bu te onkel.
Men dei sa aldri kvifor.
Dei sa eg bedreiv hor,
men eg bar på meir enn det eit barnesinn kan bera.
Ingen spurde. Ingen såg.
Dei sende meg bort
som om det var eg som hadde gjort gale.
Men det var han.
Han som kalla seg ****
Eg bad mor mi sjå meg.
Ho visste. Eg veit ho visste.
Men ho bar si eiga skam
og la mi oppå.
Onkel såg meg ikkje`
Berre det som vekste i meg.
"Inkje godt kjem av eit barn fødd i skam,"
sa han.
Så då han kom - min vesle gut - tok dei han.
Eg fekk ikkje halde han.
Ikkje kalle han ved namn.
Ikkje seie farvel.
Men inni meg fekk han eit namn.
Og noko døydde i meg den dagen.
Ikkje alt.
berre det som trudde verda var god.
Eg skreiv. I mørkret. I løynd. I holrom. Ikkje for ære. Ikkje for namn. Eg skreiv for han.
Ikkje la dei pussa namnet mitt blankt.
La dei kjenna kvifor det gjer vondt å seia det.
La dei høyra røysta til ei lita jente som aldri fekk spørsmålet:
"Kva hende med deg?"
Bortsatt.
Sanninga om Serine, Lest mella linjane.
Published by SAXSA.NO
ORG. NR : 933243206
08.05.2025©
1 kommentar
Veldig bra!🥰🌸